Ragnhild og Jo Grunde 1983 – i dag
Jo Grunde tok over 1983, reiv låven til Gerhard og bygde eit nytt fjøs saman med låven som vart bygd av Melvin. Her var det plass til 15 kyr + ungdyr. I løpet av denne perioda vart silo erstatta med rundballar.
Ingeborg og Melvin 1942 – 1983
Melvin Eidså (son til Gerhard Eidså) gifta seg med Ingeborg Dale frå Tovdal på Sørlandet. Dei budde først på Sørlandet. Under krigen vart han spurd om å jobbe på eit tyskaranlegg, men han skreiv heim til far sin at han skulle be han kome heim og hjelpe til på gardsbruket. Jordstyret anbefalte det, og han kom heim med familien. Når krigen var slutt søkte han om byggeløyve til nytt hus. Han fekk byggeløyve og fekk tømmeret frå Dale i Tovdal.
I 1967 var det på 10 kyr og 22 ungdyr med ei mjølkemengde på 48.000 l. Som attåtfor var det nytta tang og i 1961 fekk garden 2 førstepremiar for kyr.
Josefine og Gerhard 1916 – 1968
Før 1950 var det først og fremst gras som vart produsert, men i tillegg vart det også dyrka ca 100 tønner med poteter.
Bildet viser hele familien Gerhard. Fra venstre Melvin, Margaret, Elna, Karl Endre og Magnus. Historien sier at minstemann ikke er så fornøyd fordi han satt seg i ei bøtte med vann.